Shiba            Stamtavle

Shiba er født på Hamar 24. november 2000 hos Ragnhild Fuglestveit, og vi reiste med stor forventning til Hamar og skulle hente vårt lille nøste i slutten av Januar 2001. Vi var veldig spent, for Ragnhild hadde fortalt oss om at Shiba var ein vilter krabat. Dette synest eg passa bra, for eg hadde planer om å konkurere i lydighet med ho. Har heile tida fått høyre at ein Berner ikkje er egna å konkurrere med, og dette ville eg motbevise.

Eg begynte med tilvenning på dei elimentere øvelsane berre ei veke etter at vi hadde fått Shiba i hus. Slik som å rose og forsterke handlinger som når Shiba sette seg, la seg og kom til oss når vi ropte på ho. Samtidig som vi tok ho med på sosialisering i Førde Brukshundeklubb. Dette med sosialisering er etter mi meining det viktigaste for å få ein avbalansert og trygg hund i alle situasjoner.

Etter kvart kom vi med i lydighetsgruppa til Førde Brukshundeklubb og trente med dei to ganger i veka.

Det ligg mykje leik, svette og tolmodighet bak det Shiba har oppnådd pr. dags dato. Shiba har gått fra kl. 1 til opprykk kl. 3 på ca. eit år. Ho var mestvinnande i Kl. 1 , kl. 2 og i uansett klasse i NBSK 2002, og klubbmester kl. 2 i 2003.

Mitt mål for Shiba er å oppnå lydighetschampionat, veien er lang og det er ikkje sikkert at det går, men målet er der.

Er tålmodigheten der, er ein Berner like godt egna til lydighetskonkurranser som andre raser.